Beklager, denne stillingen er lukket og det er ikke lenger mulig å søke på den.
Du er ei kvinne som er serviceinnstillt, "raus", fleksibel, påliteleg og omgjengeleg. Det vert forventa at du er villig og har evne til "å ta i eit tak", og ikkje la deg stressa om noko uventa skjer. Du må grunna type arbeid vera kvinne. Du snakkar godt norsk, og må ha sertifikat. Eg tilbyr ein spennande og variert jobb, trivelege kollegaer og ordna arbeidsforhold.
Eg, ei aktiv vaksen kvinne, rullestolbrukar, søkjer personleg assistent til diverse praktisk og personleg hjelp . Bur sentralt i Bergen/Laksevåg.
Mine personlege assistentar assisterer meg "der eg er"- diverse typar assistanse i heimen og utenfor heimen, bl.a. v/ deltaking i organisasjonsliv, jobbing, trening, fritidsaktivitet. Ein må kunna vera med på korte og lengre reiser, inkl eit lengre, samanhengande utenlandsopphald om vinterane.
Du må kunna jobba i høgtider.
Krav til god arbeidsmoral er svært viktig, dvs at ein gjer ein grundig jobb. Likeeins er krav til fleksibilitet stor, dvs ein kan jobba ekstra viss det trengs.
Eg har no ledig fylgjande stilling:
- Fast stilling, 11 timar pr veke i gjennomsnitt/ ca. 30 %, pluss eventuelt ekstra ved behov.
Jobbing primært på ettermiddag/kveld i vekedagar og 3. kvar helg, og elles formiddag og natt ved behov.
Opplæring vert gjeve.
Det vert krevd politiattest.
Spørsmål om stillinga og søknad sender du til arbeidsleiar pr mail, ingeleiv_haugen@yahoo.no
Prima Assistanse er arbeidsgjevar for assistentane.
Løn: kr 183 pr time, pluss tillegg for kveld/ natt, helg og høgtid.