Beklager, denne stillingen er lukket og det er ikke lenger mulig å søke på den.
DELTIDSSTILLING BPA LEDIG, SENTRALT I BERGEN, 5-30%
Eg er ei vaksen kvinne, rullastolbrukar som treng både praktisk og personleg hjelp.
Eg har ledig ein deltidsstilling som Brukerstyrt personlig assistent/BPA. Stillinga er ei fast stilling på ca. 11 timar pr veke i gjennomsnitt, med arbeid primært ein ettermiddag/kveld pr veke og 3. kvar helg. I tillegg kjem evt ekstra vakter ved behov. Har du ynskje om ei mindre, fast stilling, kan eg evt vurdera ei stilling kvar 2. -3. helg, vel 5 timar pr veke.
Assistentane mine hjelper meg slik at eg kan «leva eit aktivt og gjevande liv». For meg betyr det å kunna vera med venner ute eller heime, kosa meg med eit godt måltid, trena, gå på konsertar, vera aktiv i organisasjonar, og ikkje minst reisa..... Vanlegvis dreg eg til varmare strøk nokon veker om vintrane, langt bort frå den verste vinteren her i Bergen.
Eg ser etter deg som kan vera med å hjelpa meg å «oppnå dennne gode livskvaliteten». Du må ha difor vera fleksibel, ansvarsfull, sjølvstendig, ha god fysisk styrke og kunna ta ei utfordring. Arbeidet er variert og gjevande, og du får fleire trivelege kollegaer.
Arbeidet inneber arbeid i høgtider.
Grunna arbeidets art bør du vera kvinne.
Du må ha sertifikat. Kommunikasjon er viktig, så vi må forstå kvarandre godt helst på norsk, evt på engelsk.
Det krevst ikkje spesielle kvalifikasjonar. Om du er personleg eigna er avgjerande. Opplæring blir gitt.
Prima Assistanse er arbeidsgjevar for assistentane mine.
Lønn: kr186,24 pr time, pluss evt tillegg for kveld/natt, helg og høgtid.
Det blir krevd politiattest.
Viss du har spørsmål, kontakt meg pr mail: ingeleiv_haugen@yahoo.no Du kan også senda søknad direkte på mail til meg.
Søknadsfrist: Snarest