Beklager, denne stillingen er lukket og det er ikke lenger mulig å søke på den.
Kan du skjenka meg med whiskey? 30% stilling.
Eg er ein kjekk kar i slutten av tjueårane som treng ny assistent. Dette er ein jobb for deg som har godt humør, pågangsmot og ikkje redd for å bli skitten på hendene. Eg er interessert i landbruk, politikk, filmar og eg har eit spesielt forhold til alt syndig. Grunnen til at eg treng assistanse er at eg har ein progressiv sjukdom som gjer at eg sit i rullestol, har problem med å styre armer og bein, og store utfordringar med talen. Jobben er så variert at det er vanskeleg å skildre, men den går i hovudsak ut på å vera mine armar og bein. Eg treng hjelp til alt av kvardagslege gjeremål som til dømes personleg hygiene, mat, husstell og liknande. I tillegg liker eg reising, fest og alt som gjev adrenalin.
Eg har denne stillinga frå og med nyåret:
- Ein deltidsstilling som tilsvara 30% i hovudsak på kveldstid og i helg. Eg har også bruk for fleire tilkallingsvikarar.
Søknadskriteria:
- Du må ha godt humør og vere positiv
- Du må vere pålitelig
- Du må vere fleksibel
- Du må ha sertifikat for manuel bil
1. gongsintervju kan skje nettbasert dersom tilhøva tilseier det.