Beklager, denne stillingen er lukket og det er ikke lenger mulig å søke på den.
Jobb som personleg assistent!
Eg er ein mann på 33 år som har eit sterkt ynskje om å leva eit aktivt liv, og for å få til det treng eg stødige assistentar med eit godt hovud. Sjølv jobbar eg fullt, trenar, er sosial, nyt båtliv på godvêrsdagar, set pris på god mat, musikk og bøker, har diverse frivillige verv, huseigar og har forpliktingar der etter, glad i tur og reiser, med meir. Orsaka til at eg treng assistentar at eg sit i rullestol, etter ei ulukke då eg var 16 år.
Hjå ein assistent søker eg etter personar som:
- Er stabile og til å stola på
- Er tolmodige og lærevillige
- Kommuniserer godt og er stødige i norsk
- Har ordenssans og er observante
Arbeidsoppgåver, eksempel:
- Bistand til matlaging, husarbeid, handel, tilrettelegging for kvardagen min, sosiale tilstellingar, med meir
- Bistand til eigentrening, rullestolrugby
- Reiser innanlands etter avtale
Eg og assistentordninga tilbyr:
- Ein variert og givande jobb litt utanom det vanlege
- Ein triveleg arbeidsplass
- Reiser og opplevingar
- God opplæring der det trengs
- Ein løysingsorientert arbeidsleiar
Arbeidstid:
Søndag - torsdag kl.1900-2230
Fredag - lørdag kl.1400-1800
Reiser etter avtale
Stillingsprosent: 20% og oppover
Tiltreding: Snarleg
Jobben krev ikkje at du har utdanning eller bilsertifikat, men det tel positivt. Har du arbeids- og livserfaring, så kjem det godt med og skriv gjerne det inn i søknad. Om du ikkje har ein fin CV klar, så set eg pris på ein god søknad der du beskriv deg sjølv; generell informasjon, interesser, kva du ser etter i ein jobb og andre ting som kan vera av interesse. Og ikkje minst kvifor dette er jobben for deg. Eventuell utdanning og arbeidserfaring bør skrivast inn i søknad.
Prima Assistanse leverer brukerstyrt personlig assistanse (BPA) til personer med funksjonsvariasjoner. Vi har konsesjon og leverer våre tjenester i en rekke kommuner og har lokalkontor i alle landets regioner. Vi jobber hver dag for å bidra til at personer med funksjonsvariasjoner får den friheten og assistansen som er nødvendig for å kunne leve et selvstendig og aktivt liv.
For mer informasjon: https://www.prima-assistanse.no/