Jobb som personleg assistent for mann 35 år!

Stillingstittel
BPA assistent

Arbeidsgiver
BPA Vestland (1404)

Arbeidssted
Øystese

Ansettelsesnivå
Deltid (20% og oppover)

Stillingstype
Fast stilling

Søknadsfrist:
Snarest

Ønsket oppstart
Etter avtale

Kontaktperson

Avdelingsleder

E-post
silje.hylland@prima-assistanse.no

Søk på denne stillingen

Eg er ein mann på 35 år som har eit sterkt ynskje om å leva eit aktivt liv, og for å få til det treng eg stødige assistentar med eit godt hovud. Sjølv jobbar eg fullt, trenar, er sosial, nyt båtliv på godvêrsdagar, set pris på god mat, musikk og bøker, har diverse frivillige verv, huseigar og har forpliktingar der etter, glad i tur og reiser, med meir. Orsaka til at eg treng assistentar at eg sit i rullestol, etter ei ulukke då eg var 16 år.

Hjå ein assistent søker eg etter personar som:

-         Er stabile og til å stola på

-         Er tolmodige og lærevillige

-         Kommuniserer godt og er stødige i norsk

-         Har ordenssans og er observante

-         Er allsidige

Arbeidsoppgåver, eksempel:

-         Matlaging, handel, tilrettelegging for kvardagen min, sosiale tilstellingar, med meir

-         Kvardagslege oppgåver eg ikkje klarar sjølv

-         Vedlikehald av hus, rullestol, bil, båt, hjelpemiddel

-         Trening

-         Reiser innanlands etter avtale – opplæring blir gitt.

Eg og assistentordninga tilbyr:

-         Ein jobb litt utanom det vanlege

-         Moglegheita til å jobba tett med meg

-         Opplæring der det trengs

-         Ein løysingsorientert arbeidsleiar

Arbeidstid: Ettermiddag, kveld og helg. Reiser etter avtale.

Stillingsprosent: 20% og oppover

Tiltreding: snarleg

Jobben krev ikkje at du har utdanning eller bilsertifikat, men det tel positivt. Har du arbeids- og livserfaring, så kjem det godt med og skriv gjerne det inn i søknad. Om du ikkje har ein fin CV klar, så set eg pris på ein god søknad der du beskriv deg sjølv; generell informasjon, interesser, kva du ser etter i ein jobb og andre ting som kan vera av interesse. Og ikkje minst kvifor dette kan vera jobben for deg. Eventuell utdanning og arbeidserfaring bør skrivast inn i søknad.

Om arbeidsgiveren

BPA er en forkortelse for brukerstyrt personlig assistanse. Det er i hovedsak en alternativ måte å organisere praktisk bistand på for funksjonshemmede. BPA skiller seg fra mer tradisjonelle tjenester ved at det er personen med assistansebehov som selv bestemmer hvordan assistansen skal være. BPA er et frigjørings- og likestillingsverktøy som bidrar til at den med assistansebehov får frihet til å leve et selvstendig og aktivt liv - på lik linje med andre i samfunnet. Prima Assistanse har spesialisert seg på BPA, og er i dag en betydelig leverandør i hele Norge. Vi jobber hver dag for å bidra til at funksjonshemmede får den friheten og assistansen som er nødvendig for å kunne leve et selvstendig liv. Vi er opptatt av å levere et godt konsept, kvalitet i alle ledd, å ha profesjonelle medarbeidere og gode rutiner, slik at vi sammen bidrar til en suksessfull hverdag.

Søk på denne stillingen

Vær oppmerksom på at vi kan sende e-poster og kalenderinvitasjoner til adressen du oppgir


Kontakt oss på hallo@vilect.com

Personvern | Informasjonskapsler

© 2017-2023 Vilect