Vil du lykkast med sal mot næringslivet? Bilhuset Førde søkjer næringsseljar!

Stillingstittel
Næringsseljar

Arbeidsgiver
Bilhuset Førde AS

Arbeidssted
Førde

Ansettelsesnivå
Heltid

Stillingstype
Fast stilling

Søknadsfrist:
Snarest

Ønsket oppstart
Etter avtale

Kontaktperson

Dagleg leiar

E-post
kim.ronny.lykkebo@bilhusetforde.no

Telefon
41616271

Søk på denne stillingen

Er du ein ambisiøs seljar som ønskjer å bygge langsiktige relasjonar og skape solide forretningsmoglegheiter i næringslivet?

Her får du sjansen til å representere tre sterke varebilmerke, bygge relasjonar i næringsmarknaden og vere ein sentral bidragsytar til vidare vekst hos ein solid og offensiv bilforhandlar. Dette er ei rolle for deg som har høg arbeidsmoral, tåler motgang og motiverast av å skape resultat over tid.

Bilhuset Førde søkjer deg som likar sal, trivst med å vere ute hos kundane og ikkje er redd for å ta den første telefonen – heller ikkje den tiande. Du vil jobbe målretta med nybilsal og oppfølging av bedriftskundar innan varebilsegmentet, samstundes som du òg kan bidra i sal av bruktbilar. I rolla vil du representere Mercedes-Benz, Peugeot og Kia.

Vi ser eit stort og reelt potensial i næringsmarknaden i vår region. Med Mercedes dekker vi heile Sogn og Fjordane, medan Peugeot og KIA har Sunnfjord og Sogn som hovudområde. Kundebasen er godt etablert, men vidare vekst krev innsats, struktur og uthald. Du vil få ei nøkkelrolle i å realisere dette potensialet.

Korleis vil kvardagen din sjå ut hos oss?

Som næringsseljar vil du vere ein synleg og aktiv aktør i bedriftsmarknaden. Dette er ein jobb med høgt aktivitetsnivå og tydelege forventningar til eigeninnsats. Du jobbar sjølvstendig, men i tett samarbeid med resten av salsteamet vårt.

For å lykkast må du trivast med oppsøkande sal, vere komfortabel med avslag og ha evna til å stå i ein krevjande kvardag over tid. Resultata kjem ikkje av seg sjølve, dei kjem av systematisk arbeid, disiplin og vilje til å leggje ned innsatsen som krevst.

Dine arbeidsoppgåver vil inkludere:

  • Aktivt og oppsøkande sal mot næringskundar
  • Innhenting av leads og oppfølging av potensielle kundar på telefon og møte
  • Sal og rådgjeving innan varebilsegmentet for både KIA, Peugeot og Mercedes-Benz
  • Kartlegging av kundebehov og skreddarsying av løysingar
  • Salgsprosess frå A til Å – inkludert finansiering, leasing og leveranse
  • Utvikling og vedlikehald av relasjonar med næringslivskundar
  • Deltaking på salgsaktivitetar og bedriftsarrangement


Kva kan vi tilby deg?

  • Ein spennande og variert arbeidskvardag 
  • Gode moglegheiter for utvikling i ein etablert og framtidsretta bilforhandlar
  • Opplæring og sertifisering gjennom våre importørar og samarbeidspartnarar
  • Konkurransedyktige vilkår med fastlønn og provisjon
  • Moglegheit for firmabil
  • Moderne lokale og eit positivt, engasjert arbeidsmiljø
  • Gode pensjonsordningar 
  • Offentleg godkjent bedriftshelsetjeneste levert av Avonova:
  • Allmennlege / Psykolog på video 
  • Økonomisk rådgivning for ansatte og deira husstand 
  • Krisetelefon 

Vi er på jakt etter personar som:

  • Har sterk indre motivasjon og drivkraft
  • Er komfortabel med å ringe kundar og ta initiativ
  • Evnar å planleggje, strukturere og gjennomføre eigne aktivitetar
  • Har god formidlingsevne og er god til å bygge relasjonar
  • Er uthaldande og taklar motgang på ein god måte
  • Har ein sjølvdriven arbeidsstil og evna til å sjå eigne moglegheiter
  • Har erfaring med oppsøkande sal, gjerne mot næringskundar
  • Har evne til å leie kundar gjennom heile salgsprosessen
  • Har interesse for bil og ønskjer å utvikle seg i bransjen


Du treng ikkje spesifikk utdanning, det viktigaste er at du har rett innstilling og erfaring frå liknande arbeid.

Høyrest dette ut som noko for deg? Søk hos oss i dag – vi gler oss til å høyre frå deg!

Om Bilhuset Førde

Bilhuset Førde er ein autorisert forhandlar av Mercedes Benz, KIA og Peugeot. Vi held til i oppgraderte og moderne lokaler både i butikken og på verksted, på Øyrane 6 i Førde. 

I 2025 selde vi 441 nye og brukte bilar, derav 57 varebilar frå Mercedes, Peugeot og Kia med ein omsetnad på 228 millionar kroner. Tidlegare toppår har vist at vi har stort vekstpotensial i regionen – med både 600 bilar i 2021 og 316 millionar i omsetning i 2022.

Vi opna ny butikk i 2021 med god plass til bilar av både nye og brukte. Med eigen bruktbilhall er det kjekt å ta turen innom oss for å sjå på kva vi kan tilby. Har ikkje vi den riktige bilen for deg, da skaffer vi den. Vi kan og tilby kundar lånekontor, så medan bilen er på service kan du ha teamsmøte eller sitte i fred og jobbe medan du ventar. 

Bilhuset Førde er eigd av Bilholding & Ani gruppen – vi er i dag ein del av eit større konsern og drar mykje nytte av dette. Vi er også ein del av Bertel O. Steen og nyttar deira systemer i kvardagen. Bilhuset Førde er og medlem av Norges Bilbransjeforbund. Vår importør Bertel O. Steen stiller høge krav til kvalitet og kompetanse, og alle våre tilsette får jamnleg opplæring og sertifisering.

Søk på denne stillingen

Vær oppmerksom på at vi kan sende e-poster og kalenderinvitasjoner til adressen du oppgir


Kontakt oss på hallo@vilect.com

Personvern | Informasjonskapsler

© 2017–2026 Vilect