Likar du å jobbe med bil og teknologi - og set kvalitet først?

Stillingstittel
Teknikar

Arbeidsgiver
Bilhuset Førde AS

Arbeidssted
Førde

Ansettelsesnivå
Heltid

Stillingstype
Fast stilling

Søknadsfrist:
Snarest

Ønsket oppstart
Etter avtale

Kontaktperson

Dagleg leiar

E-post
kim.ronny.lykkebo@bilhusetforde.no

Telefon
41616271

Søk på denne stillingen

Er du ein engasjert og kvalitetsmedviten teknikar med interesse for bil og moderne teknologi?

Bilhuset Førde er ein solid og framtidsretta bilforhandlar med sterk lokal forankring og lange tradisjonar i regionen. Vi representerer anerkjende merkevarer og har eit tydeleg fokus på kvalitet, fagkompetanse og gode kundeopplevingar. No ønskjer vi å styrkje verkstaden vår og søkjer ein dyktig og motivert teknikar som vil vere med og vidareutvikle både verkstaden og eigen kompetanse.

Hos oss får du arbeide i ein moderne og godt utstyrt verkstad med varierte og fagleg utfordrande arbeidsoppgåver. Du blir ein del av eit kompetent og triveleg fagmiljø, der kvalitet i arbeidet og samarbeid i kvardagen står sentralt.

Dine arbeidsoppgåver

Som teknikar hos oss vil du arbeide med varierte og fagleg utfordrande oppgåver i ein moderne verkstad, der kvalitet, sikkerheit og kundetilfredsheit står i sentrum.

  • Service, periodisk køyretøykontroll (PKK), vedlikehald og reparasjon av køyretøy
  • Taksering og funksjonstesting av interne og eksterne bilar
  • Feilsøking ved hjelp av produsentane sine diagnoseverktøy og verkstadhandbøker
  • Utføring av garantiarbeid og kampanjar i tråd med krav frå produsentane
  • Bidra til eit triveleg og positivt arbeidsmiljø saman med resten av teamet

Kven ser vi etter?

Vi ser etter deg som:

  • Har fagbrev som bilmekanikar
  • Har førarkort klasse B
  • Meistrar norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg
  • Arbeider sjølvstendig, strukturert og nøyaktig
  • Er løysingsorientert, samarbeidsvillig og serviceinnstilt
  • Har høg fagleg kompetanse
  • Er teknikar, eller har ønskje om å utvikle deg vidare som teknikar

Kva kan vi tilby deg?

  • Ein spennande og variert arbeidskvardag 
  • Gode moglegheiter for utvikling i ein etablert og framtidsretta bilforhandlar
  • Opplæring og sertifisering gjennom våre importørar og samarbeidspartnarar
  • Konkurransedyktige vilkår med mulighet for økning ved fullføring av kursløp
  • Moderne lokale og eit positivt, engasjert arbeidsmiljø
  • Gode pensjonsordningar 
  • Offentleg godkjent bedriftshelsetjeneste levert av Avonova:
  • Allmennlege / Psykolog på video 
  • Økonomisk rådgivning for ansatte og deira husstand 
  • Krisetelefon 


Om Bilhuset Førde

Bilhuset Førde er ein autorisert forhandlar av Mercedes Benz, KIA og Peugeot. Vi held til i oppgraderte og moderne lokaler både i butikken og på verksted, på Øyrane 6 i Førde. 

I 2025 selde vi 441 nye og brukte bilar, derav 57 varebilar frå Mercedes, Peugeot og Kia med ein omsetnad på 228 millionar kroner. Tidlegare toppår har vist at vi har stort vekstpotensial i regionen – med både 600 bilar i 2021 og 316 millionar i omsetning i 2022.

Vi opna ny butikk i 2021 med god plass til bilar av både nye og brukte. Med eigen bruktbilhall er det kjekt å ta turen innom oss for å sjå på kva vi kan tilby. Har ikkje vi den riktige bilen for deg, da skaffer vi den. Vi kan og tilby kundar lånekontor, så medan bilen er på service kan du ha teamsmøte eller sitte i fred og jobbe medan du ventar. 

Bilhuset Førde er eigd av Bilholding & Ani gruppen – vi er i dag ein del av eit større konsern og drar mykje nytte av dette. Vi er også ein del av Bertel O. Steen og nyttar deira systemer i kvardagen. Bilhuset Førde er og medlem av Norges Bilbransjeforbund. Vår importør Bertel O. Steen stiller høge krav til kvalitet og kompetanse, og alle våre tilsette får jamnleg opplæring og sertifisering.

Søk på denne stillingen

Vær oppmerksom på at vi kan sende e-poster og kalenderinvitasjoner til adressen du oppgir


Kontakt oss på hallo@vilect.com

Personvern | Informasjonskapsler

© 2017–2026 Vilect