Vil du jobba med ein av verdas sterkaste merkevare? No har du moglegheita!

Stillingstittel
Bilmekaniker

Arbeidsgiver
Toyota Norheimsund

Arbeidssted
Norheimsund

Ansettelsesnivå
Heltid

Stillingstype
Fast stilling

Søknadsfrist:
Snarest

Ønsket oppstart
Etter avtale

Kontaktpersoner

Dagleg leiar

Telefon
958 81 400

Verkstadleiar

Telefon
957 68 770

Søk på denne stillingen

Me søkjer ein dyktig og engasjert bilmekanikar med lidenskap for bil og teknologi, i tillegg søkjer me ein lærling i salg- og service faget.

Gjennom kontinuerleg forbetring og respekt for menneske ynsker me at våre kundar skal vere Noregs mest fornøgde bileigarar. Hjå oss vil du bli ein del av eit dyktig team på over 10 tilsette. Til stillinga søkjer me deg som veit kor avgjerande kvalitet og god service er, og som har evner til å ivareta nye og eksisterande kunder gjennom heile kundereisa.

Du er interessert i og har vilje til å utvikla deg i faget. Det er fordel med fagbrev, men ikkje eit krav. Relevant praksis kan oppvega for fagutdanning.

Arbeidsoppgåver bilmekanikar

  • Service, vedlikehold og reparasjoner
  • Diagnose og feilsøking
  • Utføre kvalitetsarbeid etter produsent og importør sine retningslinjer
  • Sikra høg kvalitet på eige utført arbeid.·

Ønskte kvalifikasjonar

  • Fagbrev eller anna relevant erfaring
  • Er faglig dyktig, nøyaktig og effektiv.
  • Har høg arbeidskapasitet og er løysingsorientert
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • Er pliktoppfyllande og innehar høg serviceinnstilling
  • Er positiv og har gode samarbeidsevner
  • Førerkort klasse B

I stillinga tilbyr me

  • Moglegheit til å arbeide i ein spennande bransje som er inne i ein rivande utvikling.
  • Moglegheit til å arbeide med ein av verdas sterkaste merkevare
  • Læra å bli godt kjent med Toyota sin servicefilosofi
  • God faglig støtte og spanande stilling med gode utviklingsmogelegheiter
  • Fagleg oppdatering og utvikling gjennom Toyotas opplæringsprogrammer
  • Ein veldig seriøs bedrift som investerer i og for framtida
  • Ei miljømedvite firma
  • Konkurransedyktig vilkår med pensjons- og forsikringsordningar
  • Bedriftshelseteneste og personalhytte
  • Hjå oss legg me stor vekt på eit godt arbeidsmiljø og gode arbeidsforhold

Om oss

Toyota Norheimsund (T.N.) blei etablert i 1994, og har gjennom 30 år utvikla seg til ein komplett bilforhandlar, med bilverkstad, sal av nye og brukte bilar, samt bilutleige. T.N. er marknadsleiar på sal av nye bilar i Kvam. Me har eit moderne verkstadanlegg med bl.a rep. av personbilar inntil 7.5t, understellsbehandling, eige klargjeringsverkstad, i tillegg til dekkhotell. Me er merkeverkstad for Toyota, men reparerer alle bilmerker, både fossil og elbilar. Me er derfor eit frittståande Mekonomen-verkstad i tillegg. Omsetnad 2024 var på kr 64 mill. Toyota Norheimsund, er ein av mange selskap av Jæger Automobil AS, som tilsaman har 7 ulike lokasjoner fordelt i heile Hordaland, T.N. er sertifiseret Miljøfyrtårn.

Jæger Automobil er eit selskap i Jægergruppen A.S. Jægergruppen er Vestlandets største bilforhandlar og fører merka Toyota, Lexus, BMW og Mini. Jæger Automobil er ein komplett leverandør av Toyota og Lexus. Selskapet har utsalsstader i Bergen, Sotra, Voss, Norheimsund, Lindås, Haugesund og Dimmelsvik. Jæger Automobil konsernet har totalt 250 tilsette og ei årleg omsetning på 1,7 milliard kroner. Me gler oss over svært høg kundetilfredsheit som har bidrege til den leiande marknadsposisjonen vår på Vestlandet. Kvalitet og kontinuerleg forbetring er grunnpilaren i Jægers og Toyotas filosofi. Derfor set me oss stadig høgare mål for at både kundar og medarbeidarar skal bli endå meir fornøgde. Toyota er ein av verdas største og mest respekterte bilprodusent og er leiande på miljøteknologi og forsking.

Søk på denne stillingen

Vær oppmerksom på at vi kan sende e-poster og kalenderinvitasjoner til adressen du oppgir


Kontakt oss på hallo@vilect.com

Personvern | Informasjonskapsler

© 2017–2026 Vilect