Eg er ein ung mann på snart 21 år som nå skal flytte i leilegheit for meg sjølv.
Er for tida på folkehøgskule, men er ferdig i midten av mai, då kjem eg heim.
Eg er veldig glad i dyr. Eg likar å spele handball og er ein ivrig gamer. Likar også å ta ein sykkeltur. På dagtid skal eg arbeide nokre timar i veka blant anna på gard, derfor kan du ikkje være allergisk. Om ettermiddag og kveld skal vi ha mykje moro.
Da Modalen ikkje er verdas navle for alle, har me moglegheit for overnatting om du skulle bu langt unna.
Eg ser etter assistentar som er
· tolmodige
· tydelege, men venlege
· gode på å motivera
· gode på å veilede
· ha godt humør
· være god på gaming
· må ha sertifikat klasse B.
Arbeidsoppgåver blir
· å veilede meg i alt eg gjer
· assistere med huslege oppgåver
· være med meg på jobb og fritid
Hva kan Prima Assistanse tilby:
- Eigen kontaktperson i Prima Assistanse
- Ein meningsfull jobb kor du kan gjøre en skilnad
- Varierte arbeidsoppgåver kor ingen dag er lik
- Kurs gjennom Prima Assistanse
- Lønn og andre vilkår ihht. Landsoverenskomsten for BPA
Arbeidstida blir måndag til fredag mellom kl 0630 – 2300.
Arbeid på reiser og helg kan førekomme.
Eg har nå ledig 4 faste stillingar i ulik størrelse fra 0 - 80%.
Korleis vi fordeler arbeidstida finn vi ut av i forhold til kva ditt og mitt behov er. Langvakter kan tilpassast.
Oppstart ca 1juni.
Prima Assistanse er arbeidsgivar, Mamma vil være arbeidsleder, mens det er meg du er mest samen med.
Kan du tenke deg å bli med meg på å hjelpe meg med starten på voksenlivet?
Send en søknad og fortel om deg sjølv og kva du kan bidra med.
Aktuelle kandidatar blir invitert til intervju fortløpande.
