Vil du ha ein variert arbeidskvardag der du jobbar tett med både kundar og verkstad?
Hos oss får du ei nøkkelrolle i kundereisa – og moglegheit til å påverke korleis vi jobbar med service og kvalitet.
Vi jobbar etter prinsippa «litt betre kvar dag» og «kvalitet i alle ledd» – og søkjer no både kundemottakar/delelager-medarbeidar og kundevert.
Kundemottakar / delelager-medarbeidar
Dette er rolla for deg som vil ha ei sentral rolle i verkstaden og vere bindeleddet mellom kunde, mekanikar og delar.
Du vil mellom anna:
- ta imot og følgje opp kundar – fysisk, på telefon og e-post
- koordinere verkstadoppdrag og planleggje arbeid saman med verkstaden
- registrere og følgje opp arbeidsordre
- bestille, handtere og organisere delar og lager
- sikre rett del til rett jobb til rett tid
- bidra til meirsal og gode kundeopplevingar
- utvikle og vidareutvikle butikkdelen vår
Dette er ei variert rolle med både kundekontakt, logistikk og ansvar.
Kundevert
Dette er rolla for deg som trivst i front og skaper gode førsteinntrykk. Du er den første kunden møter og den som sørgjer for at opplevinga blir trygg, profesjonell og positiv.
Du vil mellom anna:
- vere første kontaktpunkt for kundane
- ta imot og levere ut bilar
- booke verkstadtimar og følgje opp kundar
- forklare arbeid på ein trygg og forståeleg måte
- handtere betaling, fakturering og enkle avklaringar
- jobbe aktivt med kundedialog og oppfølging
- bidra til god flyt og struktur i kundemottaket
Dette er ei rolle for deg som likar menneske og skaper tillit.
Kven vil trivast i rolla?
Du vil trivast hos oss dersom du:
- likar å jobbe med menneske og skape gode opplevingar
- trivst i ein variert kvardag med høgt tempo
- er strukturert og følgjer opp oppgåver heilt til dei er løyste
- likar å ha oversikt og skape orden
- tek initiativ og ser kva som kan forbetrast
Det er ein fordel om du:
- har erfaring frå bilbransjen, verkstad eller kundemottak
- har jobba med kundeservice tidlegare
Men det viktigaste er at du har rett innstilling og vilje til å lære.
Kva kan vi tilby deg?
- Ei spennande og variert arbeidshverdag
- Gode moglegheiter for utvikling i ein etablert og framtidsretta bilforhandlar
- Opplæring og sertifisering gjennom våre importørar og samarbeidspartnarar
- Konkurransedyktige vilkår
- Moderne lokale og eit positivt, engasjert arbeidsmiljø
Klar for å bli ein del av teamet? Send oss ein søknad – vi vurderer kandidatar fortløpande og gler oss til å høyre frå deg
Om Bilhuset Førde
Bilhuset Førde AS er ein autorisert forhandlar av Mercedes‑Benz, KIA og Peugeot, og held til i moderne og oppgraderte lokale på Øyrane 6 i Førde. Verksemda omfattar sal av nye og brukte bilar, eigen bruktbilhall og verkstad under same tak – tilrettelagt for ei effektiv og heilskapleg kundeoppleving.
I 2025 oppnådde vi ein omsetnad på 229 millionar kroner, med totalt 445 selde nye og brukte bilar. Dette stadfestar ein solid posisjon i regionen. Samstundes viser historikken eit endå større potensial, mellom anna med 600 selde bilar i 2021 og ein toppomsetnad på 316 millionar kroner i 2022.
Den nye butikken, som vart opna i 2021, gir god plass og oversikt over både nye og brukte bilar. Med eigen bruktbilhall er det enkelt å ta turen innom for å sjå utvalet. Finn vi ikkje den rette bilen hos oss der og då, skaffar vi han. For verkstadkundar tilbyr vi mellom anna lånekontor, slik at du kan jobbe effektivt eller delta i digitale møte medan bilen er til service.
I desse dagar er vi i gang med ei ny oppgradering av verkstaden, der vi riggar oss for framtida og aukande behov i marknaden. Oppgraderinga gjer oss i stand til å utføre service og reparasjonar på minibussar og større campingbilar, bygd på Peugeot‑ og Mercedes‑Benz‑chassi, og styrkar ytterlegare vår posisjon innan varebil- og nyttekøyretøysegmentet.
Bilhuset Førde AS er eigd 60 % av Bilgruppen og 40 % av ANI Gruppen, og er medlem av Norges Bilbransjeforbund. Gjennom vår importør Bertel O. Steen vert det stilt høge krav til kvalitet, kompetanse og profesjonalitet. Alle våre tilsette gjennomfører jamleg opplæring og sertifisering for å sikre høg fagleg standard.
Vi arbeider etter prinsippa om kontinuerleg forbetring og å bli litt betre kvar dag.
Kvalitet i alle ledd er ikkje berre eit slagord hos oss – det er ein standard vi lever etter, i møte med kundar, samarbeidspartnarar og framtida.
