Eg er ein ung mann på snart 21 år som nå bor i mi eiga leilegheit for meg sjølv.
Eg er veldig glad i dyr. Eg likar å spele handball og er ein ivrig gamer. Likar også å ta ein sykkeltur.
På dagtid arbeider eg nokre dagar i veka på gard, derfor kan du ikkje være allergisk.
Om ettermiddag og kveld skal vi ha mykje moro, sjølv om vi også må gjere en del må ting som ikkje er like moro.
Eg klarar det meste sjølv, men treng nokon som kan vere med og støtte meg i kvardagen. Eg har tatt lappen og har eigen bil, så eg kan køyre oss kor enn vi ønskjer.
Eg ser etter assistentar som er
· tolmodige
· tydelege, men venlege
· gode på å motivera
· gode på å veilede
· ha godt humør
· være god på gaming
· må ha sertifikat klasse B.
Arbeidsoppgåver blir
· å veilede meg i alt eg gjer
· assistere med huslege oppgåver
· være med meg på jobb og fritid
Hva kan Prima Assistanse tilby:
- Eigen kontaktperson i Prima Assistanse
- Ein meningsfull jobb kor du kan gjøre en skilnad
- Varierte arbeidsoppgåver kor ingen dag er lik
- Kurs gjennom Prima Assistanse
- Lønn og andre vilkår ihht. Landsoverenskomsten for BPA
Eg har nå ledig 1 fast stillinger på 80%, samt at eg treng nokon på ekstravakter ved behov.
Arbeidstida er mandag til fredag mellom kl 0700 – 2300. Arbeid på reiser og helg kan førekome.
Da Modalen ikkje er verdas navle for alle, har me moglegheit for overnatting om du skulle bu langt unna.
Prima Assistanse er arbeidsgivar, Mamma vil være arbeidsleder, mens det er meg du er mest samen med.
Kan du tenke deg å bli med meg på å hjelpe meg med starten på voksenlivet?
Send en søknad og fortel om deg sjølv og kva du kan bidra med.
Aktuelle kandidatar blir invitert til intervju fortløpande.
