Beklager, denne stillingen er lukket og det er ikke lenger mulig å søke på den.
Eg er ein mann på 31 år som har eit sterkt ynskje om å leva eit aktivt liv, og for å få til det treng eg stødige assistentar med eit godt hovud. Sjølv jobbar eg fullt, trenar, er sosial, nyt båtliv på godvêrsdagar, set pris på god mat, musikk og bøker, har diverse frivillige verv, huseigar og har forpliktingar der etter, glad i tur og reiser, med meir. Orsaka til at eg treng assistentar at eg sit i rullestol, etter ei ulukke då eg var 16 år.
Hjå ein assistent søker eg etter personar som er:
- stabile og til å stola på
- tolmodige og lærevillige
- Snakkar og kommuniserer godt på norsk
- God ordenssans og er observante
Arbeidsoppgåver:
- Husarbeid: klevask, oppvask, støvsuging og golvvask, med meir.
- Matlaging: lunsj, middag, baking. Kjekt med assistentar som kan og har interesse for mat.
- Handel: mat, kle, diverse.
- Tilrettelegging i og rundt heimen for at eg skal klara mest mogleg sjølv.
- Vedlikehald av hus, rullestol, bil, båt, hjelpemiddel.
- Trening: eigentrening, rullestolrugby.
- Sosiale lag: vera med på førebuing og gjennomføring.
- Av- og påkledning.
- Hjelp til forflytting.
- Personleg hygiene inngår ikkje i jobben (evt. kun ved reiser, som avtalast nærmare om aktuelt)
Jobben krev ikkje at du har utdanning eller bilsertifikat, men det tel positivt. Har du arbeids- og livserfaring, så kjem det godt med og fortel gjerne meir om det.
Om du ikkje har ein fin CV klar, så set eg pris på ein god søknad der du beskriv deg sjølv; generell informasjon, interesser, kva du ser etter i ein jobb og andre ting som kan vera av interesse. Og ikkje minst kvifor dette er jobben for deg. Eventuell utdanning og arbeidserfaring kan skrivast inn i søknad.
Arbeidstid: Ettermiddag, kveld og helg.
Stillingsprosent: 25% og oppover
Tiltreding: snarast
Lønn: 183,- (+ tillegg for kveld, helg, alder)
Merk! Av hensyn til ditt personvern tar vi ikke i mot søknader eller CV per e-post. Om du ønsker å bli vurdert til stillingen må du søke via rekrutterings-systemet vårt. Det gjør du ved å klikke "Søk her".
Prima Assistanse leverer brukerstyrt personlig assistanse (BPA) til personer med funksjonsvariasjoner. Vi har konsesjon og leverer våre tjenester i en rekke kommuner og har lokalkontor i alle landets regioner. Vi jobber hver dag for å bidra til at personer med funksjonsvariasjoner får den friheten og assistansen som er nødvendig for å kunne leve et selvstendig og aktivt liv.
For mer informasjon se https://prima-assistanse.no/