Mann 32 år søker personlig assistent

Stillingstittel:
Deltid

Arbeidsgiver:
BPA Vestland (1404)

Arbeidssted:
Øystese

Ansettelsesnivå:
Deltid Fra 20%

Stillingstype:
Fast stilling

Søknadsfrist:
Snarest

Ønsket oppstart
Etter avtale

Kontaktperson

Silje Kamilla Hylland

Administrativ koordinator

E-post:
silje.hylland@prima-assistanse.no

Jobb som personleg assistent!

Eg er ein mann på 32 år som har eit sterkt ynskje om å leva eit aktivt liv, og for å få til det treng eg stødige assistentar med eit godt hovud. Sjølv jobbar eg fullt, trenar, er sosial, nyt båtliv på godvêrsdagar, set pris på god mat, musikk og bøker, har diverse frivillige verv, huseigar og har forpliktingar der etter, glad i tur og reiser, med meir. Orsaka til at eg treng assistentar at eg sit i rullestol, etter ei ulukke då eg var 16 år.

Hjå ein assistent søker eg etter personar som:

-         Er stabile og til å stola på

-         Er tolmodige og lærevillige

-         Kommuniserer godt og er stødige i norsk

-         Har ordenssans og er observante

Arbeidsoppgåver, eksempel:

-         Matlaging, husarbeid, handel, tilrettelegging for kvardagen min, sosiale tilstellingar, med meir

-         Kvardagslege oppgåver eg ikkje klarar sjølv

-         Vedlikehald av hus, rullestol, bil, båt, hjelpemiddel

-         Trening: eigentrening, rullestolrugby

-         Reiser innanlands etter avtale – opplæring blir gitt.

Eg og assistentordninga tilbyr:

-         Ein jobb litt utanom det vanlege

-         Moglegheita til å jobba tett med meg

-         Reiser og opplevingar

-         Opplæring der det trengs

-         Ein løysingsorientert arbeidsleiar

Arbeidstid: kveld og helg. Korte vakter ca 3-5 timar.

Reiser etter avtale

Stillingsprosent: 20% og oppover

Tiltreding: snarleg

Jobben krev ikkje at du har utdanning eller bilsertifikat, men det tel positivt. Har du arbeids- og livserfaring, så kjem det godt med og skriv gjerne det inn i søknad. Om du ikkje har ein fin CV klar, så set eg pris på ein god søknad der du beskriv deg sjølv; generell informasjon, interesser, kva du ser etter i ein jobb og andre ting som kan vera av interesse. Og ikkje minst kvifor dette er jobben for deg. Eventuell utdanning og arbeidserfaring bør skrivast inn i søknad.

Søk på denne stillingen