Kvinne i rullestol (28) søkjer nynorsk assistent til praktisk og personleg bistand

Stillingstittel:
BPA assistent

Arbeidsgiver:
Oslo BPA 732

Arbeidssted:
Oslo

Ansettelsesnivå:
Deltid 50 %

Stillingstype:
Midlertidig stilling

Søknadsfrist:
Snarest

Ønsket oppstart
Snarest

Kontaktperson

Jorid Avelsgård

BPA-koordinator

E-post:
Jorid@prima-assistanse.no

Hei! Mitt namn er Malin. Eg er 28 år, sit i elektrisk rullestol og er opphavleg frå Stord - Noregs raraste by. Eg har no forvilla meg til Oslo for å kickstarte karriera, og treng fleire assistentar som kan bistå meg med å oppnå draumane mine.

Eg søkjer ein assistent som kan vere mine armar og bein. Det betyr at du må vere glad i praktisk arbeid og å bruke kroppen din, samt at du trivst med mange oppgåver og høgt tempo.

Som journalist og skribent er eg veldig glad i å skrive frilans - anten det er snakk om artiklar for ulike lokalaviser, reportasjar om minoritetar og skeive, debattinnlegg eller portrettintervju av musikarar.

Parallelt med dette jobbar eg også som prosjektkoordinator for ROM for Kunst og Arkitektur, held på å starte mi eiga bedrift og har eit mål om å skrive ei bok. Med andre ord har eg mykje å ta fingrane fatt i - og det er ein fordel om du som assistent kan trivst med dei same arbeidsoppgåvene.

Eg ser etter deg som meistrar nynorsk skriftleg, har førarkort klasse B (manuelt gir) og er flink på PC. Som assistent vil du på mange måtar fungere som ein sekretær, der eg dikterar, medan du skriv. Samstundes treng eg bistand til telefonsamtalar, notatskriving på møter og intervju etter avtale.

Jobben inneber også at du må bistå med personleg stell/intimhygiene og pustetekniske hjelpemiddel ved behov. Det er ikkje eit krav om erfaring med dette frå tidlegare, då du vil få opplæring. Kjemi vil bli vektlagt grunna arbeidets art.

Å assistere på reise og/eller ved sjukehusinnleggingar er ein del av jobben.

Arbeidstid vil hovedsakleg vere på dagtid frå klokka 08.00-15.00 i vekedagane. Det er snakk om eit 50% vikariat i eitt år, men det kan bli aktuelt med forlenging og/eller fast. Stillingsprosent kan aukast på sikt.

 

Høyres dette ut som noko for deg? Send gjerne inn ein søknad snarast


BPA er en forkortelse for Brukerstyrt Personlig Assistanse og er i hovedsak en alternativ måte å organisere praktisk bistand på. BPA skiller seg ut fra de mer tradisjonelle tjenestene ved at det er personen med funksjonsvariasjon som selv bestemmer hvordan assistansen skal være og utføres. Å være en assistent i denne ordningen innebærer at personen med funksjonsvariasjon er daglig leder i sitt liv og trenger deg for å assistere seg på en slik måte at hen kan leve et så uavhengig og selvstendig liv som mulig.

Prima Assistanse har spesialisert seg på brukerstyrt personlig assistanse (BPA) og er i dag en betydelig leverandør i hele Norge. Vi jobber hver dag for å bidra til at mennesker med funksjonsvariasjon får den friheten og assistansen som er nødvendig for å kunne leve et selvstendig liv. Vi er opptatt av å levere et godt konsept, kvalitet i alle ledd, ha profesjonelle medarbeidere og gode rutiner slik at vi sammen bidrar til en suksessfull hverdag.

For mer informasjon: https://www.prima-assistanse.no/

Søk på denne stillingen