Beklager, denne stillingen er lukket og det er ikke lenger mulig å søke på den.
Eg er ein kjekk kar i slutten av tjueårane som treng ny assistent. Dette er ein jobb for deg som har godt humør, pågangsmot og ikkje redd for å bli skitten på hendene. Eg er interessert i politikk, landbruk og musikk, og eg har eit spesielt forhold til god whisky. Grunnen til at eg treng assistanse er at eg har ein progressiv sjukdom som gjer at eg sit i rullestol, har problem med å styre armer og bein, og store utfordringar med tale og syn. Jobben er så variert at det er vanskeleg å skildre, men den går i hovudsak ut på å vera mine armar, bein og auge. Eg treng hjelp til alt av kvardagslege gjeremål som til dømes personleg hygiene, mat, husstell og liknande. I tillegg liker eg reising, fest og alt som gjev adrenalin.
Oppstart – 1. august 2023
- Moglegheit for å byrja i ein mindre stilling før 1. august om ønskeleg
Arbeidstid:
- I hovudsak 08:00 til 15:30 måndag til fredag
Søknadskrav:
- Du må ha godt humør og vere positiv
- Du må vere pålitelig
- Du må vere fleksibel
- Du må ha fylt 18 år
- Du må ha sertifikat for manuel bil
- Du må ha plettfri vandel
1. gongs intervju kan skje nettbasert dersom tilhøva tilseier det.