Er du på utkikk etter en jobb med mening? Assistent søkes til ung mann

Stillingstittel
BPA assistent

Arbeidsgiver
BPA Vestland (1404)

Arbeidssted
Øystese

Ansettelsesnivå
Deltid

Stillingstype
Fast stilling

Søknadsfrist:
Annonsen er utløpt

Ønsket oppstart
Snarest

Kontaktperson

Administrativ koordinator

E-post
daniel@prima-assistanse.no

Beklager, denne stillingen er lukket og det er ikke lenger mulig å søke på den.

Jobb som personleg assistent!

Eg er ein mann på 33 år som har eit sterkt ynskje om å leva eit aktivt liv, og for å få til det treng eg stødige assistentar med eit godt hovud. Sjølv jobbar eg fullt, trenar, er sosial, nyt båtliv på godvêrsdagar, set pris på god mat, musikk og bøker, har diverse frivillige verv, huseigar og har forpliktingar der etter, glad i tur og reiser, med meir. Orsaka til at eg treng assistentar at eg sit i rullestol, etter ei ulukke då eg var 16 år.


Hjå ein assistent søker eg etter personar som:

  • Er stabile og til å stola på
  • Er tolmodige og lærevillige
  • Kommuniserer godt og er stødige i norsk
  • Har ordenssans og er observante

 

Arbeidsoppgåver, eksempel:

  • Bistand til matlaging, husarbeid, handel, tilrettelegging for kvardagen min, sosiale tilstellingar, med meir
  • Bistand til eigentrening, rullestolrugby
  • Reiser innanlands etter avtale

 

Eg og assistentordninga tilbyr:

  • Ein variert og givande jobb litt utanom det vanlege
  • Ein triveleg arbeidsplass
  • Reiser og opplevingar
  • God opplæring der det trengs
  • Ein løysingsorientert arbeidsleiar

 

Arbeidstid:

Søndag - torsdag kl. 19.00 - 22.30

Fredag - Lørdag kl. 14.00 - 18.00

Reiser etter avtale

 

Stillingsprosent: 20% og oppover

 

Tiltreding: Snarleg

Jobben krev ikkje at du har utdanning eller bilsertifikat, men det tel positivt. Har du arbeids- og livserfaring, så kjem det godt med og skriv gjerne det inn i søknad. Om du ikkje har ein fin CV klar, så set eg pris på ein god søknad der du beskriv deg sjølv; generell informasjon, interesser, kva du ser etter i ein jobb og andre ting som kan vera av interesse. Og ikkje minst kvifor dette er jobben for deg. Eventuell utdanning og arbeidserfaring bør skrivast inn i søknad.


Om arbeidsgiveren

BPA er en forkortelse for brukerstyrt personlig assistanse. Det er i hovedsak en alternativ måte å organisere praktisk bistand på for funksjonshemmede. BPA skiller seg fra mer tradisjonelle tjenester ved at det er personen med assistansebehov som selv bestemmer hvordan assistansen skal være. BPA er et frigjørings- og likestillingsverktøy som bidrar til at den med assistansebehov får frihet til å leve et selvstendig og aktivt liv - på lik linje med andre i samfunnet. Prima Assistanse har spesialisert seg på BPA, og er i dag en betydelig leverandør i hele Norge. Vi jobber hver dag for å bidra til at funksjonshemmede får den friheten og assistansen som er nødvendig for å kunne leve et selvstendig liv. Vi er opptatt av å levere et godt konsept, kvalitet i alle ledd, å ha profesjonelle medarbeidere og gode rutiner, slik at vi sammen bidrar til en suksessfull hverdag.

Kontakt oss på hallo@vilect.com

Personvern | Informasjonskapsler

© 2017-2023 Vilect