Beklager, denne stillingen er lukket og det er ikke lenger mulig å søke på den.
15 år gamal gut som er ein kløppar i gaming og diggar manga søker BPA-assistent. Døme på andre aktivitetar er trening, turar, kajakk, sykling og ski.
Eg treng deg som kan følge meg i skuledagen og på fritida – det er difor viktig at vi begge trivast med desse aktivitetane. Vi bur i Sande kommune og har kort veg til både sjø, turvegar, fjell, treningssenter og gymsal for å nevne noko.
Eg både går og brukar armane sjølv, so arbeidsdagen vil i stor grad vere å gi støtte til gjennomføring av aktivitetar på ein god og forutsigbar måte. Innimellom må vi reise i Noreg eller lengre, og det er mogleg at BPA vil bli spurt om å bli med. Dette er ei 100% turnusstilling.
Som person har du gjerne ro, omsut og er «påkobla». Grunna stillinga sin art er det ønskjeleg at du er i god fysisk form.
Vi ønsker vidare at du:
• Er trygg og stabil
• Er i forkant av ting
• Er god på kommunikasjon
• Er utadvendt og kan by på deg sjølv
• Trivast med ungdom
• Har ein god porsjon humor
• Du må ha førerkort klasse B
• Snakkar flytande norsk
Alle som vert ansatt i Prima Assistanse må ha plettfri vandel (politiattest).
Vi kan tilby:
• God opplæring av arbeidsleder (mor) og kurs gjennom Prima Assistanse
• Mulighet for reise
• Stabilt og trygt arbeidsmiljø
• Lønn etter tariff
Høyrest dette interessant ut? Send søknad med CV og referansar. Vi intervjuar fortløpande