Beklager, denne stillingen utløp den 30.04.2024.
Jobb som personleg assistent!
Eg er ein mann på 33 år som har eit sterkt ynskje om å leva eit aktivt liv, og for å få til det treng eg stødige assistentar. Sjølv jobbar eg fullt, trenar, er sosial, nyt båtliv på godvêrsdagar, set pris på god mat, musikk og bøker, har diverse frivillige verv, glad i tur og reiser, med meir. Orsaka til at eg treng assistentar at eg sit i rullestol, etter ei ulukke då eg var 16 år.
Hjå ein assistent søker eg etter personar som:
· Er stabile og til å stola på
· Er tolmodige og lærevillige
· Kommuniserer godt og er stødige i norsk
Arbeidsoppgåver, eksempel:
· Bistand til tilrettelegging av kvardagen min, sosiale tilstellingar, handel, matlaging, husarbeid, med meir
· Bistand til eigentrening
· Reiser etter avtale
Eg og assistentordninga tilbyr:
· God opplæring der det trengs
· Ein variert og givande jobb litt utanom det vanlege
· Ein løysingsorientert arbeidsleiar
Arbeidstider og arbeidsplan vært avtala, men planlagde tidrom er:
Søndag - torsdag kl. 19.00 - 22.30
Fredag - Lørdag kl. 14.00 - 18.00
Reiser etter avtale
Stillingsprosent: 20% og oppover
Tiltreding: Snarleg
Jobben krev ikkje at du har relevant utdanning eller bilsertifikat, men det tel positivt.
Eventuell utdanning og annan arbeidserfaring bør skrivast inn i søknad.
Om du ikkje har ein fin CV klar, så set eg pris på ein god søknad der du beskriv deg sjølv; generell informasjon, interesser, kva du ser etter i ein jobb og andre ting som kan vera av interesse - og ikkje minst kvifor dette er jobben for deg!