Beklager, denne stillingen er lukket og det er ikke lenger mulig å søke på den.
Eg er ein kjekk kar på 30 år som treng ny assistent. Dette er ein jobb for deg som har godt humør, pågangsmot og ikkje redd for å bli skitten på hendene. Eg er interessert i politikk, landbruk og musikk, og eg har eit spesielt forhold til god whisky. Grunnen til at eg treng assistanse er at eg har ein progressiv sjukdom som gjer at eg sit i rullestol, har problem med å styre armer og bein, og store utfordringar med tale og syn. Jobben er så variert at det er vanskeleg å skildre, men den går i hovudsak ut på å vera mine armar, bein og auge. Eg treng hjelp til alt av kvardagslege gjeremål som til dømes personleg hygiene, mat, husstell og liknande. I tillegg liker eg reising, fest og alt som gjev adrenalin. Eg ser etter ein assistent som kan sjå og tåla ein spøk, samt ein som er påliteleg og kan ta i eit tak. Det er ingen krav til utdanning, men å vere personleg eigna til jobben vektleggast.
Oppstart:
- Snarast
Arbeidstid:
- Eg søkjar etter deg som kan jobbe på dagtid (40%). Vakta starter kl 8 og varer til 15:30. Vakta kan av og til bli noko lengre etter avtale. Det er ein fordel dersom du kan ta litt ekstra ved sjukdom hos andre assistentar, men dette er ikkje eit krav.
Søknadskrav:
- Du må ha fylt 18 år
- Du må ha førerkort. Eg har automat bil.
- Du må ha plettfri vandel
1. gongs intervju kan skje nettbasert dersom tilhøva tilseier det.